Praktisk info: Sesongen 2017

Inndeling av baner:

Det vil bli merka opp to 7-ar baner på 50×30 meter på banehalvdelen nermast klubbhuset, på baneplanen benemnd felt A og B.

Merkinga består av stripla linjer med gul merkespray. Banene bør markerast med ei kjegle i kvart hjørne som «hjørneflagg» samt ei kjegle på kvar side midt på bana for å markere midtstrek.

Dei to små 7-ar banene er primært tenkt for dei yngste laga på 11 og 12 år, men kan og nyttast av øvrige 7-ar lag då Norges Fotballforbund i dei nye reglene for spel på små baner anbefalar størrelse på 7-ar baner til 50×30 meter heilt opp til alder 15/16 år. Dei nye reglane finn du elles her: http://www.fotball.no/Documents/Bilder/NFF/2015/Barnefotball/alleregler-18mars.pdf

Ved å legge to 7-ar baner parallelt på eine banehalvdelen oppnår vi mellom anna den fordel at den andre banehalvdelen (felt C og D) blir ledig for trening når der går to 7-ar kampar samtidig på stadion.

Når det gjeld plassering av innbyttarar/trenar/lagledar skal begge laga ha tilhold på same side (står i reglemanget for spel på små baner).  Dette for å lette oversikta for dommaren ved innbytte og lignande.

Foreldre og tilskodarar som ikkje har roller inn mot laget skal befinne seg på motsett side av innbytarbenkane.

For å unngå slitasje på banedekket oppfordrar vi laga om å bruke den sida som vender ut mot sidelinja/asfaltkanten for tilskodarane.

 

Baneplan finn du oppdatert på: http://www.skodjeil.no/ i høgre marg. Her ligg oversikt over treningstider, kampar i de komande vekene, og ein med både kamp og trening den gjeldande veke. Husk å gi tilbakemelding til Atle Ødegård, e-post: atle.odegard@vard.com ved eventuelle endringar på både treningstider og kampar. I tillegg er det viktig å huske at det er det laget som ber om flytting/omberamming av kamp som skal fylle ut skjema om endring og sende det til fotballkretsen.

 

Kampvert:

Fotballgruppa ynskjer at alle lag har på plass ein kampvert til alle heimekampar. Gul vest med markering «kampvert» finn ein rett innafor inngangsdøra til garderobane.

 

Nytt nøkkelsystem:

Som dei fleste kjenner til er der no nytt nøkkelsystem på klubbhuset med nøkkelbrikke og kode.

Dør til garderober og ballkasser er open kvardagar kl. 16 – 22. Elles må ein ha nøkkelbrikke for å kome inn.  Ta kontakt med anleggsansvarleg Jan Ove Longvastøl om du treng nøkkelbrikke.  Tlf. 99228535.

Dommar-regningar:

Dommar-regningar skal fyllast ut og oversendast til økonomiansvarlig i fotballgruppa, Anne Elisabeth Skodje, for utbetling til bankkonto.  Utbetaling til dommar skjer ein gong pr. veke.

Dommar oppsett av fotballkretsen (kretsdommar) benyttar den vanlege dommar-regninga.

Våre eigne klubbdommarar skal benytte ei eiga forenkla regning (sjå vedlegg).

Det er dommaren som har ansvar for å fylle ut regninga og denne skal signerast både av dommar samt lagledar på heimelaget.

Regninga skal leggast i postkasse merka «Dommar-regning» rett innafor døra til garderobane.

 

Bruk av garderober:

Dei laga som nyttar garderobene til kampar må huske å gjere reint etter seg. Gjestegarderoba må sjekkast at den er ryddig og bosskorger tømt før gjestane kjem.

Ved bruk av kjøkken/kiosk må og desse ryddast og reingjerast etter bruk. Husk å tøm søppel ut i bossdunk på vestsida av klubbhuset.

Husk og å ha orden og ryddigheit rundt baneanlegget og innbyttarområda.

 

Fergekort:

Når det gjeld fergekort til bortekampar er det i år Odd Arne Grande som har hand om desse.       Send ei melding til Odd Arne seinast 24 timar før fergekortet skal benyttast so legg han dette i ein konvolutt i postkassa i svalegangen, Nedreskodjevegen 1, og kan hentast der (postboksa er merka LHL).

Adressa er: Nedreskodjevegen 1, tlf. 917 69 976, e-post: grandeoddarne@gmail.com.

Husk å legg kortet tilbake i same postkasse med det same de kjem tilbake til Skodje, vedlagt kvittering for fergeturen.

 

Husk å registrer inn resultat på kampen rett etter kampslutt. (Gjeld lag 13 år og eldre). Meir informasjon om dette finn du her:

https://www.fotball.no/kretser/sunnmore/klubb-leder-og-trener/abc-for-lagledere/#74513

 

 

Lykke til med fotballsesongen og husk «Fair Play» i alle samanhengar!

 

 

Helsing

Skodje IL-Fotballgruppa

-styret-

DEL MED VENNER: