Siste nytt fra idrettslaget
Innlegg fra Facebook

Komande veke (frå og med 10. august) går…

Komande veke (frå og med 10. august) går fotballgruppa over til ordinær baneplan for treningar og kampar. Baneplan finn du på skodjeil.no i høgre marg. Vi takkar alle som har delteke eller vore instruktørar på sommartreningane i juli. www.facebook.com facebook.com
Innlegg fra Facebook

Onsdag møttest Norborg (4. div.) og Skodje…

Onsdag møttest Norborg (4. div.) og Skodje til treningskamp framfor haustsesongen som for Skodje sin del startar komande onsdag 12. august borte mot Tjørvåg. Skodje sleit litt med å stille ein 11-ar til denne kampen men lykkast til slutt, sjølv om trenar Ørjan Haram var einaste innbytar. Skodje heldt godt fylgje i 30 minutt men so vart det slutt på kreftene slik at Norbog rakk å putte på tre før pause. Men Skodje reduserte til 1-3 på ein frekk lobb...
Innlegg fra Facebook

Ålesund og Omegn CK – Svartløken Offroad

Ålesund og Omegn CK – Svartløken Offroad aalesundsykkelklubb.no Ålesund og Omegn Cykleklubb inviterer til Svartløken Offroad søndag den 16. august. Vi arrangerer turritt med femårsklasser og ungdomsritt. facebook.com
Innlegg fra Facebook

Snipp snapp snute, då var eventyret ute…

Snipp snapp snute, då var eventyret ute for gutelaget i Norway Cup. I ei jamn og spennande kvartfinale vart det eit litt surt 2-4 nederlag mot Farsund. Men alle gutane, og støtte-apparatet rundt, skal ha all ære for ei flott turnering. Takk for spenninga! www.facebook.com facebook.com
Innlegg fra Facebook

Det er nesten ikkje til å tru! Eventyret…

Det er nesten ikkje til å tru! Eventyret fortset for gutelaget i Norway Cup. I dag, torsdag, vann dei 2-1 over Oslo-laget Løvenstad og er dermed klar for kvartfinale i kveld kl. 18.35 mot Farsund frå Sørlandet. Vi lever i håp og spenning. Heia Skøye! www.facebook.com facebook.com
Innlegg fra Facebook
Innlegg fra Facebook
Innlegg fra Facebook

Svelgen vart ein liten munnfull for Skøye…

Svelgen vart ein liten munnfull for Skøye sitt fremgongsrike G14.07 lag i Norway Cup. I ei spennande 1/16-dels finale enda kampen med 6-3 seier til Skøyegutta. Vi gratulerer! Fortsettelsen blir no 1/8-dels finale mot Oslo-laget Løvenstad i morgon, torsdag, kl. 10.45. No gjeld det å 0-stille og vere på høgget i morgon føremiddag. Skøyegutta hei! Skøyegutta hå! Skøyegutta hei og hå!! www.facebook.com facebook.com
Innlegg fra Facebook

Jentelaget vårt rauk dessverre ut i dag i…

Jentelaget vårt rauk dessverre ut i dag i første sluttspelkamp med 0-3 mot sterke Medkila. Det blir rapportert at jentene likevel er godt nøgd med innsatsen i NC og gler seg no til eit par fridagar i Oslobygda. Gutelaget gjorde kort prosess med Bjørn (NB! Ikkje lagets trenar Bjørn Lundbø, men motstandarlaget Bjørn) og vann heile 5-1. Dermed er laget klar for 1/16-dels finale mot Svelgen frå vårt grannfylke i sør. Kampstart kl. 16.35. Vi lever i spenning. Heia Skøye!...
Innlegg fra Facebook