Klubbhuset

Klubbhuset til Skodje idrettslag ligg flott til aust for stadionanlegget, sentralt i forhold til skular og barnehagar.

Vi har gode parkeringstilhøve og har fine turløyper rett utanfor husveggen som er mykje brukt heile året. Skigruppa sørgjer for at løypa er rydda, og køyrer opp fine skiløyper når det er nok snø.

Klubbhuset er ofte utgangspunktet for mange utandørsarrangement. Med kioskluke mot stadion, kan ein få seld mang ei svele eller pølse til fotballkampar, idrettsdagar og liknande. Skulane, skulefritidsordninga, barnehagane og andre som er ute på tur, finn det ofte kjekt å ete matpakken sin ute på platten på framsida av klubbhuset, før dei går vidare på turen sin eller sparkar ball og leikar på gras- eller grusbana.

Det er Skodje idrettslag som driv og eig klubbhuset. Uteanlegget er det kommuna som eig. Vedlikehald blir mykje gjort på dugnad, både ute og innandørs. Det er husstyret som passar på at huset er reint og i forsvarleg stand til ei kvar tid. Mykje av reinhaldet vert gjort på dugnad av foreldra til dei som har born i idrettsskulen.

Klubbhuset er svært mykje i bruk for tida,
og det er vi sjølvsagt stolt over!
Salen oppe er utleigd til trimaktivitetar og kulturskulen heile veka igjennom. Leigetakarane er Skodje kommune, LHL-lokalavdeling og Delta Aktiv. Desse brukarane er på huset på kveldstid.
Salen nede er utleigd til trimgruppe og seniordansarar på dagtid to dagar i veka. Elles har kulturskulen ei dans og dramagruppe her kvar onsdag. Dette rommet er mest brukt til møter på kveldstid og til selskap av ulike slag i helgane. Festsalen vår rommar 60 til 80 personar, og pga mykje utleige, bør ein vere ute i god tid med bestilling av lokalet. Vi har dekkety til over 100 personar, og konfirmasjonsbestillingane er gjort for mange år framover.
Når ein har mykje utleige heile veka, krevst det mykje reinhald. Husstyret set høge krav til seg sjølv nett her, og får mykje postitive tilbakemeldingar på dette. Vi arbeider heile tida med å utbetre utstyr, oppretthalde gode rutiner for leigetakarane, tilby dei leige av huset med vask både før og etter bruk, leige og vask av dukar osb.
Klubbhuset nærmar seg 30 år og vi har ein del vedlikehaldsarbeid å ta tak i heile tida. Mindre reparasjonar og innkjøp kan vi gjere jamt pga gode utleigeinntekter, men vi ser også at vi står føre større og meir kostbare prosjekt i nær framtid.
Om du vil vere med å halde klubbhuset i orden, er vi glad for all hjelp vi kan få både til reinhald og mindre vaktmeisteroppgåver.
Vi skulle gjerne ha knytt til oss fleire av Skodje sine innbyggjarar til å ta vare på det fine huset vårt, slik at vi også i tida framover kan utvikle dette flotte allaktivitetshuset som det er i ferd med å bli.
Har du lyst til å hjelpe oss litt, er det fint om du ringjer ein av oss i husstyret.
DEL MED VENNER: